Telehiv

No image

Telehiv er eit sikkert vårteikn som kan skapa vanskar for vegtrafikken.

Over store delar av landet frys det øvste laget av jordskorpa om vinteren. Det gjennomfrosne jordlaget heiter tele.

Der vatn i grunnen ikkje får renna bort, svell grunnen opp når det frys. Det kan føra til både skakke hus og humpete og holete vegar, med andre ord det vi no kallar telehiv (grundig forklart i denne artikkelen). Difor må ein grøfta godt kring hus og vegar og bruka drenerande fyllmassar under, ikkje såkalla telefarlege massar som det blir teleklumpar i.

Når telen slepper taket

Om våren seier vi at telen går av jorda. Denne tininga, som òg kallast teleløysing, er ein ujamn prosess. Når telen skyt opp, blir det is eller bløyte oppå jorda. Det skyt òg opp stein. Den oppløyste jorda kan heita telegròp (i dialekt m.a. tæłagrøpp).

Eit gammalt ord for både teleløysinga og telekulane i vegen er teleskot (i austlandsdialekt m.a. tæłaskøtt). I Norsk-engelsk teknisk ordbok frå 1954 er den nærskylde termen teleskyting nytta i staden for telehiv. Eit breiare fleirspråkleg tidsbilete finn du elles i Ordbok for veg- og trafikkteknikk frå 1973 (her står den tvitydige termen telebrudd for teleskot).

Telen i norsk språk

Substantivet tele kjem av norrønt þeli, og er utbreitt over det aller meste av landet. Mange stader, særleg i vest, heiter det i staden klake (dialekt gjerne klakje og i samansetning klaka-, som i klakagjengen). Klake kan òg visa til islag oppå jorda eller andre stader. Vi har dessutan tilhøyrande verb og partisipp/adjektiv: Når jorda er frosen, kan vi seia at det er tela, klaka eller (særleg nordafjells) spækt.

I austnorsk heiter substantivet tela eller tæła med tjukk l, og i bunden form tæłan. Somme dialektar har tjæła (med kj-lyd), jamfør svensk tjäle. I dei fleste dialektane frå gammalt av er tele eit hankjønnsord, som i norrønt, bokmål og nynorsk, men hokjønnsvarianten er truleg på frammarsj.

Samansetninga telehiv

Både tele og hiv er gamle norske ord, men samansetninga er nokså ny, og bruken av hiv er utypisk.

Under jarnbaneutbygginga tidleg på 1900-talet var telehiv eit viktig omgrep, men sjølve ordet var ikkje mykje brukt. Og lenge heitte det helst telehiv(n)ing. Kortordet telehiv kom inn i skriftkulturen fyrst midt i femtiåra og vart vanleg kring 1970, men det er framleis noko uklårt kva kjønn ordet helst bør ha. På bokmål er det normert til hankjønn og inkjekjønn (hiven og hivet), på nynorsk berre inkjekjønn.

Svenskane brukar orda tjälskjutning, tjälskott, tjälskjutande (telefarleg) og tjällyftning. På tysk heiter det frosthebung, på dansk frosthævning og på islandsk frostlyfting. Teleheving og telelyfting har vore nytta på norsk òg, sjå Norsk landbruksordbok. Truleg er hiv(ing) i tele-samanheng eit omsetjingslån frå engelsk frost heave/heaving.

I utgangspunktet tyder hiv i telehiv truleg berre hev(j)ing. Men det er naturleg å tenkja at -hiv står for ei bråare rørsle, i alle fall om ein køyrer for fort om våren.

---

Foto: dackelprincess – frost heave (Lisens: CC BY-SA 2.0).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:20.04.2017 | Oppdatert:09.08.2023