Streik

No image

Flygarstreiken vart nyleg avblåsen. Snart går flya som før. Då omgrepet streik vart allment kjent i si tid, var andre fartøy i fokus.

Vi har lånt substantivet streik (og verbet å streika) inn i norsk frå engelsk i tydinga ‘arbeidsnedlegging’. Det engelske ordet er strike, som normalt tyder ‘å slå’. Men den relevante tydinga kjem av «to strike work/tools», som nærmast tyder å leggja ned arbeidet/verktøyet.

Oxford English Dictionary peikar på eit mogleg opphav i ein aksjon blant sjøfolk i London i 1768. Dei tok ned rærne («struck the yards») på handelsfartøy for å markera misnøye med arbeidsvilkåra og hindra skipa i å segla. Om dette er opphavet, er streik i slekt med verba i uttrykka «å streka/strika (på) seglet» (bokmål òg «å stryke seil»), altså å fira det. (I denne tydinga kjem desse verba frå lågtysk og svarar til høgtysk streichen.)

Streikeomgrepet vart tidleg importert til norsk frå engelsk, fyrst i form av substantivet («at gjøre strike/streik»). Det vart òg tidleg tilpassa norsk lydsystem – norvagisert, som det heiter. Vi finn det skrive med diftong i ei skjemtevise så tidleg som 1873, og allereie i 1877 står det med -ei- i ei lærebok. I 1889 stødde Bjørnstjerne Bjørnson «fyrstikpakkerskenes strejk» i Kristiania, og i 1891 kom Per Sivles arbeidarroman med tittelen Streik. I 1907 kom ordet på plass i den offisielle rettskrivinga i norvagisert form.

Ordet strike er teke inn i og tilpassa til både svensk, dansk og tysk, der det heiter strejk, strejke og Streik. Streik er eit kort og praktisk ord som fungerer særs godt i norsk. Det kolliderer ikkje med noko anna ord i standardspråket, og det har gjeve opphav til ei lang rekkje samansetningar, som sympatistreik, streikevakt og streikebrytar.

Andre europeiske språk har likevel teke i bruk eigne arveord i staden for det engelske: Islandsk verkfall tyder ‘arbeidsfall’. Det spanske huelga kjem av ei rot som tyder ‘uverksam’, og synonymet paro har grunntydinga ‘stans’. Italiensk sciopero kjem av latin ex- og operare og tyder nærmast ‘å slutta å arbeida’. Det franske ordet grève skil seg ut med å vera knytt til ein stad, nemleg Place de Grève ved Seinen, i Paris. Der møttest arbeidslause og misnøgde arbeidarar.

Norsk har som kjent teke inn mange ord frå engelsk, og dei fleste som tidleg vart vanlege i allmennspråket, har fått norsk skrivemåte. Men skrivemåten av engelske lydar har til dels endra seg med tida, mellom anna fordi den norske uttalen av engelsk har endra seg. Då verbet hike kom inn i 1930-åra (fyrst i den vide tydinga det framleis har i engelsk), vart det snart norvagisert til haika, med den nyare diftongen ai. Engelske ord som kjem inn i norsk i dag, blir ofte ikkje norvagiserte. I dag skriv folk om smileys og likes, for å ta to ord i den same fonetiske gata. Det er i grunnen som å skriva strike.

Men norvagiseringa har aldri vore konsekvent. Arbeidsgjevarmotstykket til streik, lockout, har alltid hatt engelsk skrivemåte, lokkaut/låkkaut vart nok for mykje å gapa over i si tid. Allereie i 1898 var kompromisslina staka ut, som du kan sjå på side 141 i Om en del retskrivnings- og sprogspørsmål. Redegjørelse til det kongelige departement for kirke- og undervisningsvæsenet av J. Aars, S.W. Hofgaard og Moltke Moe.

Ein kuriositet til slutt: I norske målføre finst frå gammalt av eit sterkt verb strika – strik – streik – har strike. Det kan mellom anna tyda ‘stansa, bremsa’!

---

Foto: Dennis Skley – Bahnstreik 317/365 (Lisens: CC BY-SA 2.0).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:22.09.2016 | Oppdatert:09.08.2023