Slalåm

No image

Substantivet slalåm er eit opphavleg norsk ord. Det har fleire tydingar, kan vere både hankjønnsord og hokjønnsord og er sett saman av adjektivet sla ‘skrånande’ og substantivet låm ‘løype’. Legg merke til at ordet skal skrivast med å, ikkje o.

Denne veka går verdsmeisterskapen i alpint for seg i Sveits. Kommande helg blir det konkurrert i øvinga slalåm. Grunntydinga av hankjønnsordet slalåm er ‘det å renne på ski i mange svingar i bratt lende’. I samband med alpin skisport er slalåm særleg det å renne i ei avmerkt løype med portar og krappe svingar, til skilnad frå til dømes storslalåm, der det er lenger mellom portane og svingane dermed blir mindre krappe.

Substantivet låm ‘spor, løype’ er eit hokjønnsord, men utanom samansettinga slalåm er det ikkje mykje brukt i skriftleg norsk. Vi finn spor etter det i turlangrennet Ingalåmi for kvinner og i klubbnamn som Hagahogget Låmlag, ei foreining for telemarkskøyrarar. Hokjønnsordet slalåm tyder ‘skiløype nedover ein bakke’, men ordet brukt i denne tydinga er sjeldan å sjå i dag.

Stundom kan vi sjå ordet skrive slalom, med o. Ordet vart lånt frå norsk då alpine greiner utvikla seg i si moderne form i Alpane i 1920-åra, og fekk skrivemåten med o. Då sporten vende tilbake til Noreg, følgde denne forma med, og mange tok henne i bruk. Ettersom det i år er hundre år sidan bokstaven å vart tilrådd å bruke i norsk, kan vi merke oss at han er det einaste tillatne alternativet i slalåm.

---

Foto: Skirenn i Trysil – Lotte Smiseth Sejerstad - NM i Trysil (Lisens: CC BY-SA 2.0).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2017 | Oppdatert:09.08.2023