Skuter

No image

Ser du føre deg eit køyretøy på hjul eller med belte når du høyrer ordet skuter? Lurer du på kva opphavet til ordet er?

No i februar ligg snøen i størstedelen av landet vårt, og eit praktisk framkomstmiddel på vinterføre er ein snøskuter. For mange er det nok å kalle det skuter; koplinga til snø er sjølvsagd. Vi ser det i samansetjingar som skuterføre og skuterløype. Men andre tenkjer kanskje på ein slags motorsykkel når dei høyrer ordet skuter. Truleg kan både årstid og geografisk tilhøyrsle styre kva ein legg i omgrepet.

I Nynorskordboka er ein skuter (eller scooter) definert som ein ‘motorsykkel med små hjul og skjerma plass for føtene’, medan ein snøskuter (eller snøscooter) er eit ‘beltedrive motorkøyretøy som liknar ein skuter og blir brukt utanfor vegane på vinterføre’. Men om du synest skuter er nok, òg for vintervarianten, er det både vanleg og i orden.

Den same ordboka fortel oss at vi har lånt ordet frå engelsk, og at det kjem av verbet scoot ‘setje i veg’. Både den engelske og den fornorska (norvagiserte) skrivemåten er tillatne. Eit søk i mediebasen Retriever viser at den fornorska varianten (som kom inn i nynorsk- og bokmålsrettskrivinga alt i 1976) iallfall har etablert seg godt i mediespråket, sjølv om scooter framleis gjev fleire treff.

 

Publisert 8. februar 2019

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.02.2019 | Oppdatert:03.08.2021