Skule

No image

No har skuleåret starta for dei fleste, og det er på tide å tenkje litt på rettskriving att. I det minste bør vi kunne stave skulenamnet! Hugs at forbokstaven inne i skulenamn alltid er liten.

I Danmark skriv dei gjerne skole med stor forbokstav, som i Guldberg Skole og Sølvgades Skole. Men ikkje la deg forvirre av det! I norsk rettskriving held vi oss stort sett til liten forbokstav inne i namn, og skular er ikkje noko unntak.

Det spelar ikkje noka rolle om det er nytta eit anna ord for skule, som til dømes oppvekstsenter. Det heiter med andre ord Lægreid skuleEikeland oppvekstsenter og Ullern videregående skole. Den same regelen gjeld offentlege namn og ordningar av alle slag: Sauda kulturskule, Kirkhaugen barnehage og så bortetter.

Skulefritidsordning skal òg skrivast med liten (forkorta SFO). I Oslo heiter den same ordninga aktivitetsskolen (AKS). Les meir om samansette ord som Oslo-skolen her.

Ordet skole/skule var kjent i norrønt (skóli og skúli). Det skriv seg i siste instans frå gammalgresk skhole, som ein gong i tida hadde tydinga ‘fritid’.

Mange lurer på om ein kan byte ut skole med skule eller omvendt i skulenamn. Det korte svaret er nei. Ein bør skrive namnet slik skulen sjølv gjer det. Eit lengre svar finn du i svarbasen vår.

 

Publisert 22. august 2019

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:12.08.2016 | Oppdatert:04.08.2021