Skralle

No image

Gammalt ord med ny tyding.

Ei skralle – òg kjent i forma skrelle – var frå gammalt av ein reiskap av tre som folk snurra på for å lage høg lyd. Slike skraller blei gjerne brukte for å skremme bort fuglar eller dyr. I dag blir ordet òg brukt om handtak for pipenøklar som er laga slik at pipenøkkelen berre dreiar éin veg. Ein fører skralla att og fram, men mutteren blir berre strammare. På engelsk heiter ein slik skrallemekanisme ratchet.

I dag finn vi ordet skralle òg brukt i ei overført tyding i samband med forhandlingane om den fleirstatlege handelsavtalen Tisa. Her snakkar ein på engelsk om standstill and ratchet, og dette blir på norsk frys og skralle. Begge desse mekanismane skal hindre eit land i å innføre ordningar som fører til at utanlandske tilbydarar får dårlegare vilkår enn lokale. Eit land kan ikkje innføre andre unntak enn dei som følgjer av reglane som gjaldt da avtalen blei inngått – dette er frys. Om eit land fjernar ei ordning som gir lokale tilbydarar fortrinn, kan ikkje denne ordninga innførast igjen seinare – dette er skralle. Logikken følgjer prinsippet med nøkkelhandtaket: Vedtak som går i ei viss retning, kan ikkje reverserast – det syter skrallemekanismen for.

 

Publisert 6. mai 2016

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter