Sibir-kulde eller sibirkulde?

No image

Det er mars, det er vår, men S-/sibir(-)kulda ligg over store delar av landet vårt. Korleis skriv vi eigentleg slike samansette ord med geografiske namn som førsteledd?

Våren kjem med streng kulde mange stader dette året, og det kjennest langt mellom kalenderen og røynda når vi no skriv mars månad. Eit høgtrykk frå aust gir oss det vi kallar sibirkulde – eller Sibir-kulde. Korleis skal vi skrive slike samansette ord med stadnamn som førsteledd?

Som hovudregel kan samansette fellesnamn med eigennamn som forledd skrivast på to måtar. Vi kan nytte stor forbokstav og bindestrek: Sibir-kulde – men helst nyttar vi liten forbokstav og ingen bindestrek: sibirkulde. På same måte er ein mann frå Oslo ein Oslo-mann eller ein oslomann, og målet ein snakkar i Bergen, kallar vi Bergens-dialekt eller bergensdialekt. Stor forbokstav og bindestrek er vanleg i meir tilfeldige samansetningar, laga for eit særskilt høve, medan vi gjerne skriv dei meir innarbeidde samansetningane med liten forbokstav og ingen bindestrek.

Vi tilrår såleis Vinter-Noreg å halde selbuvottane på til sibirkulda slepper taket.

 

Publisert 2. mars 2018

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:02.03.2018 | Oppdatert:03.08.2021