Shorts

No image

Når gradene kryp oppover, gjer lengda på buksebeina det same. Det er på tide å finne fram shortsen – eller kanskje heller kortbuksa?

Vi finn det engelske ordet shorts brukt om det korte plagget i bøker og avistekstar frå 1930-åra. Asker og Bærum Budstikke har i 1938 ein notis om «De fremmede ord i vår daglige tale» med forslag til norske omsetjingar for fleire av dei. Mellom desse er kortbukse for shorts. Fire år tidlegare spør Telemark Arbeiderblad: «Hvad vil skje hvis damene i Oslo begynner å optre i ‘shorts’ på gaten[?]» Først i hermeteikn, altså, sidan ordet er teke frå engelsk – adjektivet short tyder ‘kort’, og fleirtalsforma i substantivet peikar mot dei to beina på kortbuksa.

Med det same shorts kom inn i norsk, blei det tilpassa til heimleg mønster og fekk i eintal den bundne forma shortsen. Tilsvarande har skjedd med ord som tanks, kaps og pins. Alle desse orda følgjer vanleg hankjønnsbøying, men i ubunden form fleirtal har vi to val: Vi kan ta med oss fleire shorts på ferie, eller fleire shortsar.

shortsen kom til landet, fekk ordet ei trongare tyding i norsk enn i opphavsspråket. Norsk Riksmålsordbok presiserer at det er tale om «meget vide kortbukser (alm. av lett stoff) som slutter over knærne». I tillegg til «lett stoff» nemner ordbøkene gjerne «sportsbruk». For mange er shorts såleis noko anna enn kortbukse, men det har òg vore vanleg å sjå kortbukse både som synonym til shorts og som overomgrep eller samlenemning.

Vi har fleire gode norske ord for plagg med korte buksebein, til dømes stuttbrok (fleire stuttbrøker), som går tilbake til norrønt stuttbrǿkr. Andre eldre ord er knebrok/knebukse og korte benklær. Det er kortbuksa som best held stand mot den dominerande shortsen. Vi slår gjerne eit slag for orda med lengre fartstid i norsk, men kan òg slå fast at i språket er shortsen kommen for å bli, ikkje minst i samansette ord som boksarshorts og bermudashorts.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:01.06.2018 | Oppdatert:03.08.2021