Satire

Romarane gav oss satire, eit ord som går att i omtalen av terroråtaket i Paris.

I oldtida skreiv romarane satirar, gjerne på vers. Framleis bruker vi satire om dikting som spottar menneskeleg veikskap eller dumskap. Den første tydinga i Nynorskordboka er likevel ‘vittig spott’; det å gjere til lått’. Ordet har altså fått utvida meining. Satire er det når ein nyttar (elegant) humor til å gjere narr, og alle slags språklege uttrykk og ytringar – skriftlege som munnlege – kan vere satiriske. I dag er det ein tendens til å kalle også bilete og teikningar satiriske.

Opphavet til ordet er latin, der satira eller satura tydde ‘blandingsrett’ eller ‘fat med alle slags frukter’, før romarane sjølv tok til å nytte det om vers med blanda innhald som veksla mellom alvor og spøk.

 

Publisert 16. januar 2015

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter