Prins

No image

Denne veka er det britiske hertugparet på offisiell vitjing i Noreg. Dette er eit godt høve til å minne om at vi på norsk bruker liten forbokstav i titlar, òg i kongelege titlar som prins og prinsesse.

Torsdag 1. februar landar prins William og hertuginne Kate (Catherine) på Gardermoen, der dei blir møtte av kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit. I Storbritannia er tittelen prins til vanleg reservert for søner av regjerande monarkar og deira søner igjen. I tillegg til å vere prins er William mellom anna hertug av Cambridge, og Kate er hertuginne av Cambridge. Merk at engelsk prince kan svare til anten prins eller fyrste på norsk. Vi har tidlegare skrive litt om historia bak orda prins og prinsesse.

Medan ein på engelsk skriv kongelege titlar med stor forbokstav, er vi altså meir sparsame med dei store bokstavane på norsk. Det gjeld òg kongen og dronninga: Vi skriv kong Harald og dronning Sonja når vi refererer til desse personane. Om vi skriv Kongen med stor forbokstav, meiner vi ikkje den konkrete personen, men Kongen som institusjon. Stor k tyr vi til dømes til når vi skriv om avgjerder som blir fatta av Kongen i statsråd.

Store forbokstavar bruker vi òg i dei faste vendingane for tiltale og omtale av dei kongelege, til dømes Dykkar Majestet, Hans Majestet (Kongen), Hennar Majestet (Dronninga) og Høgvørde Kronprins (bokmål: Deres Kongelige Høyhet). Denne sida gir eit oversyn over korleis ein skal tiltale og omtale dei kongelege, og der går det òg fram kvar det skal vere små og store forbokstavar.

 

Publisert 1. februar 2018

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:01.02.2018 | Oppdatert:03.08.2021