Preikestolen

No image

Skodespelaren Tom Cruise har nyleg spela inn stuntscener på Preikestolen i Lysefjorden.

Det er ikkje fyrste gongen det har vore celebre gjester på dette platået. På sjølve dåpsdagen spela banksjef og seinare innehavar av turistknappen i gull, Thomas Randulff, ei avgjerande rolle der. Slik står det skrive i boka Til fjells i Rogaland (1976):

Selv Prekestolen ble «oppdaget» i 1901 av Ths. P. Randulff, som en gang han reiste med «Oscar II» inn Lysefjorden, ble gjort oppmerksom på den merkelige «stolen» av kaptein Hana. Han tok så turen til fots sammen med tre andre, og traff en bonde fra Bratteli som mente at stolen var den de vanligvis kalte for Høvlatonnå, dette holdt stikk. Bratteli førte pionerene ut på «tonnå» som fra da av ble hetende Prekestolen.

«Høveltann» (skjerejarnet på ein høvel)  er eit råkande bilete med bakgrunn i det gamle arbeidslivet i by og bygd, men det laut vika for det meir prangande og turistvenlege «preikestol», som så å seia er ei dusinvare i det norske landskapet (sjå norgeskart.no).

Det var kanskje tidstypisk. Fire år før omdøypinga av «Tonnå» vart Nord-Amerikas høgste fjell, Denali, omdøypt til Mount McKinley. President Obama fekk i 2015 sett det «innfødde» namnet inn att.

Det er sannsynleg at Randulff sjølv sa «Prekestolen» sjølv om det heitte «å preika» i Stavanger bymål i samtida. Å preke med -e- er ei litt meir nedsliten form av det som i gammalnorsk heitte at prédika. Monoftongforma rekk nokså vidt i dialektane, mykje vidare enn t.d. sten og ben med -e-.  Diftongforma preika har likevel dominert mange stader i landet, særleg i vest og nord. (Søk etter «prekestol» og «preikestol» på norgeskart.no for å få eit inntrykk av fordelinga.) Skrivemåten av stadnamn skal etter stadnamnlova ta «utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen». Difor er Preikestolen, med diftong, den tilrådde forma som skal brukast av det offentlege.

 

Publisert 10. november 2017 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter