Pendelord

No image

Det er ikkje uvanleg at ord og uttrykk endrar meining over tid. Men at dei endar opp med å få stikk motsett tyding av den opphavlege, er heller sjeldsynt.

– Heldigvis blei eg forfordelt, så eg fekk mest.
– Kan du vere så snill og gjere meg ei bjørneteneste?
– Eg blei så rørt at eg grein store krokodilletårer over den patetiske framsyninga.

Nokre vil stusse over desse utsegnene, andre ikkje. Dette er såkalla pendelord, ord der tydinga har svinga som ein pendel, frå den eine sida og mest heilt over til den andre.

Verbet «forfordele» har vi frå tysk med ei opphavleg forstaving ver-, som gav signal om at noko blir plassert i ein lite fordelaktig posisjon. I norsk utgåve fekk ordet to gongar for-, noko som for somme har gitt ordet ei meir positiv tyding, for ikkje å seie direkte motsett, og skapt ein del forvirring.

Å gjere nokon ei bjørneteneste vil seie å gjere nokon ei teneste som syner seg å vere meir til skade enn til gagn. Uttrykket kjem frå ein fabel av La Fontaine, der ein bjørn skulle klapse til ei fluge i andletet på herren sin og kom i skade for å ta livet av båe to. Men det kan jo også høyrast ut som ei riktig varm og god teneste dersom ein ser for seg ein godsleg og loden bjørn.

Krokodilletårer er tårer ein græt utan å meine det, altså at ein hyklar medkjensle eller lèt som om ein kjenner sorg. Ifølgje Store norske leksikon oppstod uttrykket i mellomalderen om lumske krokodiller som etterlikna barnegråt for å lokke til seg eit bytte. I vår tid læt det kanskje både flott og moteriktig å gråte som ei krokodille?

Ordet patetisk tyder eigentleg gripande og full av kjensle (av gr. patos), men blir vel helst nytta når ein opplever noko som litt for mykje av det gode. Det bikkar over og blir kleint?

Kva gjer vi? Vel, som alltid må vi sjå an lesarar og tilhøyrarar og tilpasse språket for å sikre at vi blir forstått. Eller er det å vere for bramfri?

---

Foto: David Goehring – Swingers: Pendulums at the Exploratorium (Lisens: CC BY-SA 2.0).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.06.2015 | Oppdatert:08.08.2023