Påverkar

No image

Influensaen er laus, og det same kan ein seie om influencerane. Det latinsk-engelske influencer blir brukt om folk som øver stor påverknad på andre. Vi rår til å bruke det norske ordet påverkar i staden.

Ordet influencer blir særleg brukt om dei som ofte ytrar seg i sosiale medium om likt og ulikt, og som mange lèt seg påverke av. Alle skjønar utan vidare at ein påverkar er ein som driv med påverking. Ein annan fordel med det norske ordet er at påverkarane sjølve slepp å bli assosierte med sjukdommen influensa.

Påverkar (bokmål: påvirker) var med på ti-på-topp-lista Språkrådet presenterte ved kåringa av årets ord i 2018.

Dei fleste kjenner ordet influence frå engelsk. Ordet finst òg i norsk, i forma influens. Det er mellom anna nytta i særtydingar innanfor fysikken og psykiatrien. Utanfor fagspråket er det lite brukt og dermed ikkje ideelt å byggje på. I bokmål finn vi ein perfekt parallell til influens, nemleg innflytelse. Men det er heller ikkje det beste byggjematerialet i denne samanhengen: «En innflyter» kling ikkje særleg godt.

Ein kan lure på kva historia bak sjukdomsnamnet influensa er. Svaret ligg i gammal folketru – før i tida trudde ein nemleg at sjukdommen kom av negativ innverknad frå stjerner og planetar.

 

Publisert 25. januar 2019

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:25.01.2019 | Oppdatert:03.08.2021