Nitrogenoksid

NOx – ein kjemisk formel i klimadebatten

NOx er ein kjemisk formel som står for nitrogenoksid, som er fleire ulike sambindingar mellom nitrogen og oksygen. N er det kjemiske symbolet for grunnstoffet nitrogen, O er symbolet for oksygen, og talet x vil seie at det kan vere eitt eller fleire oksygenatom i stoffet.

Lystgass, med formelen N2O (dinitrogenoksid) er eitt av nitrogenoksida. NO (nitrogenmonoksid) og NO2 (nitrogendioksid) er to giftige gassar. Formelen NOx står for eitt nitrogenoksid eller ei blanding av fleire. Eksos og andre utslepp frå forbrenning inneheld ofte NOx, som kan vere svært giftig.

Den mest kjende kjemiske formelen er truleg H2O, som står for vatn. Etter namnereglane i kjemien kan vatn kallast dihydrogenoksid. Ein annan kjend formel er CO2, karbondioksid.

 

Publisert 18. mai 2009

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter