Mulla

Ein mulla er ein religiøs leiar, ein mann som har studert Koranen og islamsk rettslære. Ordet er utbreidd i Vest-Asia og Iran, og er mykje brukt som heiderstittel.

Her i landet er mulla Krekar ein kjend person. Fordi mulla er ein tittel, ikkje eit personnamn, skriv vi ordet med liten m. Mullaen, som kjem frå Irak, heiter eigentleg Najumuddin Faraj Ahmad.

Ordet mulla skriv seg opphavleg frå arabisk mawla, som tyder ‘herre’. Ordet har gått frå arabisk via persisk til urdu, og derfrå har det vorte kjent i mange andre språk. På norsk skriv vi mulla utan h på slutten, til forskjell frå bl.a. den engelske skrivemåten.

 

Publisert 16. februar 2015

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2015 | Oppdatert:04.08.2021