Mers/MERS

No image

Forkortingar for sjukdomsnamn blir ofte skrivne med store bokstavar når dei er heilt nye, men etter kvart som dei slår rot i språket, blir dei oppfatta som vanlege ord og skrivne med små bokstavar. Språkrådet tilrår difor skrivemåten mers, på linje med til dømes sars, aids, hiv og kols. KOLS blir òg brukt, jamfør Bokmåls- og Nynorskordboka. 

Mers eller MERS er ein influensaliknande sjukdom som i det siste har brote ut i Sør-Korea. Forkortinga står for Middle East respiratory syndrome. Sjukdommen har fått namnet frå Midtausten, sidan det var der dei første tilfella dukka opp i 2012 og 2013.

Mers er ein farleg luftvegsinfeksjon. Han har mykje til felles med sars (severe acute respiratory syndrome). Sars vart oppdaga for første gong i Vietnam i 2003, og Audun Øyri omtalar sars i Norsk medisinsk ordbok (2011) som «eit alvorleg, akutt luftvegssyndrom».

Koronavirus

Me ser stundom mers forkorta til MERS-CoV. Her står CoV for koronavirus. Både forkjøling, sars og mers skal ha opphav i ein stor virusfamilie, koronavirusa (av corona ‘krans, ring’). Virus er i Nynorskordboka definert som ‘ultramikroskopisk eining som m.a. er oppbygd av nukleinsyre, og som er den minste kjende partikkelen som kan gje infeksjonar’.

 

Publisert 12. juni 2015

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter