Lektyre

No image

Sommaren er lesetid for mange. Men skal du lese lett sommarlektyre eller tung litteratur du ikkje rekk å fordjupe deg i resten av året?

Ordet lektyre har vi frå fransk  lecture, og Nynorskordboka forklarer det som lesnad eller lesestoff. Det franske ordet er frå latin lectura, somer danna til verbet legere. Det tyder ‘samle, lese’, og ord som lekse, leksjon og lektor har same opphav. Men er all lesnad og alt lesestoff lektyre? Norsk Ordbok legg til at lektyre er lesnad «til underhaldning».  Og vi har nok fått eit skilje mellom lektyre og litteratur, der lektyre helst blir litteratur av det lettare slaget, meint som underhaldning.

Sjølv om lektyre kan stå aleine, finn vi det oftast i samansetningar som sommarlektyre, påskelektyre, sengelektyre, dolektyre, som alle seier noko om ei form for lesing som bør tole avbrot, og som ikkje krev den største konsentrasjonen.

I den offisielle rettskrivinga er ordet hankjønn på både nynorsk og bokmål, men vi finn det òg bruka som hokjønn.

---

Foto: Josué Goge – Lectura Playa (Lisens: CC BY-SA 2.0).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.07.2016 | Oppdatert:11.08.2023