Kviterussland

No image

Kvifor heiter Kviterussland Belarus på engelsk? Bør vi bruke det namnet på norsk òg? Kvifor ser vi namnet til presidenten skrive både Lukasjenka og Lukasjenko, ja korleis er i det heile språkstoda i landet?

På kviterussisk heiter Kviterussland Belarus (Беларусь). Førsteleddet bela- tyder ‘kvit’. Rus har gjennom historia referert til fleire ting. Opphavleg var rus ei nemning på folk frå Skandinavia som skal ha grunnlagt Kiev-riket på 800-talet, men det vart snart brukt om sjølve dette riket òg (Rus eller Kiev-Rus). Den russiske staten som voks fram med sentrum i Moskva frå 1300-talet og utover, fekk etter kvart nemninga Rossija ‘Russland’, men Rus har seinare ofte vore brukt for å referere til heile det austslaviske området. Somme meiner at -rus i Belarus er ei rein vidareføring av Rus slik nemninga vart brukt om Kiev-riket, men det kan altså diskuterast. Det kan vere rettare å seie at Belarus beint fram tyder ‘Kviterussland’.

Namnet Belarus er teke i bruk nett i den forma i nokre andre språk, mellom anna engelsk. I tysk og svensk taper dei tradisjonelle Weißrussland og Vitryssland terreng til Belarus. Andre språk held fast på det tradisjonelle namnet, til dømes dansk (Hviderusland), finsk (Valko-Venäjä), litauisk (Baltarusija) og gresk (Levkorosía). Språkleg sett kan ein finne argument for både den eine og den andre forma. Du kan lese meir om dei ulike argumenta i artikkelen «Vitryssland eller Belarus» av Ola Karlsson i det svenske Språkrådet.

Belarus er enno lite brukt i norsk, og vi tilrår å halde på det tradisjonelle og offisielle namnet Kviterussland (bokmål òg Hviterussland). Offisielle norske namn på statar står på nettsidene til Språkrådet, og eventuelle endringar må gjerast i samråd mellom Utanriksdepartementet og Språkrådet.

Språk i Kviterussland

Det kviterussiske språket høyrer saman med russisk og ukrainsk til den austslaviske undergruppa av slavisk. Dei tre austslaviske språka er nære slektningar, og forstår du russisk, forstår du det meste av ein kviterussisk tekst om du legg godviljen til. Det er likevel ein del skilnader både i lydsystem, ortografi og ordtilfang. ‘Arbeid’ heiter pratsa på kviterussisk, men rabota på russisk, ‘takk’ heiter dziakuj på kviterussisk, men spasibo på russisk og ‘potet’ heiter bulba på kviterussisk, men kartofel eller kartosjka på russisk.

I Kviterussland er det dessutan mange som snakkar overgangsvariantar mellom kviterussisk og russisk. Dette blandingsspråket blir kalla trasianka (opphavleg tyding: ‘dårleg høy’).

I Kviterussland har både kviterussisk og russisk status som offisielle språk, men russisk har lenge hatt størst prestisje og dominerer i dag på dei fleste områda i samfunnet. Unesco* reknar kviterussisk som eit sårbart språk. Du kan lese meir om språkstoda i Kviterussland og den historiske bakgrunnen i denne artikkelen av språkforskaren Asya Pereltsvaig.

Ettersom både kviterussisk og russisk har offisiell status i Kviterussland, blir namn på kviterussiske stader og personar transkriberte dels frå det eine og dels frå det andre språket. Den sitjande presidenten er Aljaksandr Lukasjenka (kviterussisk) eller Aleksandr Lukasjenko (russisk), og opposisjonskandidaten heiter Svjatlana Tsikhanowskaja (kviterussisk) eller Svetlana Tikhanovskaja (russisk).

I valet mellom å transkribere frå kviterussisk eller russisk tilrår ikkje Språkrådet det eine framfor det andre, men vi rår til å vere konsekvent og om mogleg ta omsyn til kva personen sjølv føretrekkjer når det gjeld personnamn. Vi har offisielle reglar for transkripsjon av kviterussisk og russisk til norsk.

 

*Om det dukkar opp ei feilmelding på kartet, klikk OK og klikk deretter på den kvite nåla plassert i Kviterussland.

 

Publisert 28. august 2020

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter