Koronaen

No image

Koronapandemien har prega både samfunnet, nyheitsbildet og språket vårt i år. Språkrådet har kåra korona i bunden form – altså koronaen – til årets ord i 2020.

– Når historikarane skal sjå attende på 2020, er sjansen stor for at dei kjem til å skrive om koronaen i bunden form. I daglegtalen blir koronaen brukt om både viruset, sjukdommen, krisa og sjølve tida vi er inne i, seier Dagfinn Rødningen, seniorrådgjevar i Språkrådet.

Korona er ikkje eit nytt ord i norsk. Frå før var det mellom anna kjent som fagordet for det ytste laget i solatmosfæren. Grunnlaget for nemninga koronavirus er at den taggete overflata på viruset minner om strålekransen kring sola. Korrekt stavemåte av ordet i norsk er med k-.

– I 2020 har korona fått eit utvida innhald, og ordet er teke i bruk som førsteledd i nye samansetningar som koronatiltak, koronasveis og koronarestriksjonar, seier Rødningen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter