Karensdag

No image

Ordet karensdag blei for alvor teke i bruk etter 1970, og opphavet finn vi i latinen.

Hankjønnssubstantivet karens (med trykk på siste staving) er ei presens partisipp-form til det latinske verbet carere, som tyder ‘mangle, måtte unnvere’. Norsk Ordbok meiner ordet karensdag har kome inn i norsk frå tysk eller fransk. Det finst i same form og med same tyding i både svensk og dansk.

I samband med diskusjonen om løn under korte sjukefråvær har karensdag blitt ein del av allmennspråket, og det dukkar ofte opp når arbeidsgjevarorganisasjonane møter arbeidstakarorganisasjonane til forhandlingar. Her i landet blei ordninga med karenstid ved sjukdom oppheva i 1978, men den som blir arbeidslaus, må vente i tre dagar før stønadsordninga tek til å gjelde. Også denne ventetida blir omtalt som karenstid eller karensdagar. I forsikringsbransjen er termen karens velkjent, til dømes som førsteledd i samansetjinga karensforsikring. I ein slik forsikringsavtale gjeld ikkje ansvaret til forsikringsselskapet før det har gått ei viss tid.

Språkrådet omtalte ordet i Språknytt i 1983, men det har vore i bruk lenge før den tid. Statistikkverktøya til Nasjonalbiblioteket viser at ordet for alvor blei teke i bruk etter 1970 og blei mykje brukt på byrjinga av 1990-talet. Tidleg belegg på bruken finn ein i Aftenposten frå mars 1931. Den som er skeptisk til å innføre karensdagar i det heile, kan merke seg Bondepartiets haldning i saka i eit referat frå eit funksjonærforeiningsmøte i Oslo. Der kjem det fram at «taleren var imot bondepartiets forslag om å utvide karensdagene til 6».

 

Publisert 1. april 2016

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:01.04.2016 | Oppdatert:04.08.2021