Karantene

No image

Dersom det er mistanke om at du kan vere smitta av det nye koronaviruset, må du sitje i karantene. Ver glad du ikkje må ta ordet bokstavleg: Ordet karantene kjem nemleg frå fransk quarantaine, som tyder ‘periode på 40 dagar’.

Nest etter vaksine er det beste tiltaket mot farsott å halde sjuke menneske unna friske. I mellomalderen fann ein ut at perioden frå smitte til død ved byllepest var rundt 37 dagar. 40 dagar med isolering viste seg såleis å vere ei effektiv åtgjerd mot sjukdommen. Landa kring Middelhavet var først ute med tiltaket – det er difor vi har fått ordet frå fransk, som i denne tydinga har det frå italiensk. Seinare innførte fleire land tvungen karantene for tilreisande handelsmenn og skip med sjukdomsutbrot. I Danmark-Noreg på 1700-talet var det vanleg å la smitteberarar sitje skjerma i karantenestasjonar i opptil 40 døgn.

I vår tid slepp vi heldigvis unna med mykje kortare karantene, takka vere meir kunnskap og betre hygiene.

Det heiter òg karantene når ein sportsutøvar har brote spelereglane og blir utestengd frå konkurranse for ei tid. Ein kan dessutan hamne i karantene mellom to jobbar eller etter ein konkurs. Då bruker vi sjølvsagt ordet biletleg, for ein slepp å isolere seg frå omverda.

I nokre talemål heiter det karantena, men i den gjeldande bokmåls- og nynorskrettskrivinga er det eit hankjønnsord: den karantenen.

Oppdatert informasjon om råd i samband med koronavirus finn du hos Folkehelseinstituttet.

 

Publisert 10. mars 2020

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:10.03.2020 | Oppdatert:03.08.2021