Jihad

No image

Denne veka hadde dokumentaren «JIHAD: A Story of the Others» norsk premiere hjå stiftinga Fritt Ord. Regissør er Deeyha Khan, og filmen tek opp kvifor unge menneske frå minoritetsmiljø søkjer seg til terrororganisasjonen IS (Den islamske staten).

Det arabiske ordet jihad (جهاد‎.) er sentralt i filmen. Mange omset det med ‘heilag krig’, men ‘strid’ eller ‘strev’ er nok meir dekkjande. Det kan gjelda anten den striden ein fører med seg sjølv for å leva i samsvar med islam («den store jihaden»), eller striden for å forsvara og breia ut islam («den vesle jihaden»).

Skrivemåten jihad, etter engelsk mønster, har slege gjennom i norsk. Mange fagfolk (språkvitarar) ville truleg valt «dsjihad», som hadde vore lydrett på norsk. Når norske ordbøker (Tanums store rettskrivningsordbok, Norsk Ordbok ofl.) likevel fører opp jihad, er det fordi denne skrivemåten har etablert seg som den normale og den dominerande i bruk. Som ved mange andre lånord er altså ikkje rettskrivinga systemrett når det gjeld dette ordet.

Ordet blir bøygt som eit vanleg hankjønnsord (ein jihad – jihaden).

Skrivemåten djihad finst i tidlege kjelder som Fredriksstad Tilskuer 1877 og Ludvig Meyers danske Fremmedordbog frå 1924. Fredrik Franklin omtalar jihad i boka India – du tok meg fangen frå 1948, og året før hadde VG eit oppslag der Jihad er namn på ein organisasjon.

 

Publisert 28. august 2015

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter