Hump og dump – ein ny vår truar

No image

Vinteren har fare ekstra hardt med vegane denne gongen. Våren berrlegg nye humpar og dumper, til irritasjon for bilistane og til fare for korpsa som no går gatelangs og øver før dei store dagane i mai. Kva skil så humpen frå dumpa?

Vi kjenner alle til fartsdemparane i trafikkbiletet, som mange kallar fartsdumper. Ordet dump har truleg samanheng med adjektivet djup og viser til noko som går ned eller inn frå ei overflate, eit søkk. Dei «sovande politifolka» vi køyrer over i morgonrushet, er altså ikkje dumper, men fartshumpar. Ein hump er noko som går oppover. Ordet har samanheng med dei lågtyske orda humpel ‘låg jordhaug’ og hump(e) ‘klump, krugg, pukkel’, jamfør Nynorskordboka.

Hol i vegen er eit like sikkert vårteikn som små og store musikantar i gatene. Det er såleis grunn til å trø varsamt i vårløysinga, sjølv om isen og hålka har bråna bort.

 

Publisert 19. april 2018

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter