Hongkong

No image

Når Hongkong får mykje omtale i media, er det mange som spør om namnet kan skrivast både Hongkong og Hong Kong.

Den rette skrivemåten på norsk er Hongkong. Den har lang tradisjon i Noreg og Danmark. Vi finn han allereie i Salmonsens store illustrerede Konversationsleksikon. En nordisk Encyklopædi frå 1898. På tysk heiter det òg Hongkong, medan Hong Kong er den engelske og franske forma.

Sidan kinesarane har eit heilt anna skriftsystem, må vi transkribere kinesiske namn til det latinske alfabetet. Systemet vi bruker, heiter pinyin. Det er eit transkripsjonssystem for mandarin eller «standardkinesisk», og er norma i den internasjonale standardiseringsorganisasjonen ISO og i FN. Pinyinsystemet ligg til grunn for skrivemåtar som Beijingog Shanghai og låneord som qigong og taiji.

På mandarin heiter Hongkong Xiānggǎng, men i Hongkong bruker dei kantonesisk, og den kantonesiske forma er Hēunggóng. På engelsk, som har offisiell status i byen, heiter det Hong Kong. Skrivemåten Hong Kong følgjer eit anna transkripsjonssystem brukt av myndigheitene i Hongkong. Dette systemet bruker eitt ord med stor forbokstav for kvart teikn i eit stadnamn. Namnet Hongkong utgjer eitt ord på kinesisk, og slike namn vert attgjevne som eitt ord også på norsk. Den norske skrivemåten Hongkong er altså både i tråd med norsk rettskriving og med korleis vi skriv andre kinesiske namn på norsk.

Ein person frå Hongkong kallar vi hongkongkinesar, og adjektivet er hongkongkinesisk.

 

Publisert 22. november 2019

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter