Heimelaga

No image

Mattilsynet vil ha ein gjennomgang av korleis matvarebransjen brukar omgrep som «heimelaga»/«hjemmelaget».

Det bør ikkje kunna leggjast beslag på ord som er innarbeidde i allmennspråket. Om «heimelaga» får festa seg med ei tyding som ‘fabrikklaga mat med ein viss kvalitet’, er det problematisk.

Matvarebransjen er jamt over flink til å bruka norskspråklege namn på nyskapande måtar. «Potetgull», eit namn som har vore omtala det siste året, er sjølvsagt ikkje eit edelt metall. Ordet «gull» er bruka biletleg. Språkrådet får av og til protestar frå folk som meiner at vi må gripa inn og protestera på at ord blir bruka om noko dei eigentleg ikkje er. Ofte svarar vi da at det å bruka ord med utvida tyding eller på ein biletleg måte er slik vi heile tida utviklar språket vårt.

Når «heimelaga» blir bruka om det som beint fram er det motsette, snakkar vi ikkje lenger om vanleg tydingsutviding eller biletleg språkbruk. Det blir kort og godt ein usann påstand. «Heimelaga» kan i dag forklarast enkelt i Nynorskordboka som ‘laga heime’. Dersom kommersielle aktørar får bruka ordet på ein måte som eigentleg er meiningslaus, kan vi i allmennspråket bli nøydde til å bruka fleire ord om det som før gav god meining aleine. Vi må spe på med «verkeleg heimelaga» eller liknande. Slikt bør vi sleppa å bala med, både som forbrukarar og språkbrukarar.

---

Foto: Bjørn Christian Tørrissen – Hos Rikardu (Lisens: CC BY-NC 2.0).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:05.01.2016 | Oppdatert:11.08.2023