Gullbryllaup

No image

Onsdag 29. august feira kongeparet gullbryllaup. Det var 50 år sidan dei gifte seg i Oslo domkyrkje. Dagen vart markert med gudsteneste same stad. Kva kjem nemninga gullbryllaup av? 

Ordet gullbryllaup er sett saman av gull og bryllaup. Bryllaup kjem av norrønt brúðlaup, som igjen er sett saman av brúðr «brud, brur»og hlaup, som svarar til det moderne ordet laup eller løp. Ordet kjem truleg av at brura etter bryllaupet vart ført heim av brudgommen og følgjet hans.

Det å gifte seg er ei viktig livshending, og viktige bryllaupsdagar vert ofte markerte. Det er lang tradisjon for å kalle 25 og 50 års bryllaupsdagar for sølvbryllaup og gullbryllaup. Det har òg vorte laga ulike nemningar for kvar av dei 15 første bryllaupsdagane. Nokre døme er papirbryllaup etter eitt års ekteskap, bomullsbryllaup etter to år, ullbryllaup etter sju. Kanskje skal namna vise til stadig meir slitesterke material? Frå og med krystallbryllaupsdagen etter 15 år er det nye namn berre kvart femte år. Det er ikkje veldig mange som er så heldige å vere gifte lenger enn 50 år, men kanskje får kongeparet vere blant dei som kan feire kronjuvelbryllaup om 15 år?

Skriving av samansette ord

Namna på bryllaupsdagane er samansetjingar og skal skrivast i eitt ord, til liks med alle samansette ord i norsk. Likevel er det mange som synest det er vanskeleg å hugse når to ord skal samanskrivast, og når dei skal særskrivast. På engelsk vert samansette ord oftast særskrivne, og retteprogram og stavekontrollar kjenner ikkje alltid att samansetjingar. Dette kan skape forvirring. Eit godt råd når du står fast, er å slå opp i ordbøkene. Finn du ordet der, kan du vere heilt trygg. Men veldig mange samansetjingar står ikkje i ordbøkene. I norsk kan vi setje saman ord til nye ord svært fritt, så samansetjingar kan i utgangspunktet lagast i det uendelege. Det seier seg sjølv at ikkje alle kan få plass i ordbøkene. Når vi ikkje finn eit samansett ord i ordbøkene, kan vi bruke uttalen for å finne ut korleis det skal skrivast. Dersom det samansette ordet har eitt hovudtrykk, slik som billigbok, skal det skrivast i eitt ord. Er det to hovudtrykk, som i billig bok, har vi også to ord.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter