Grammatikk

No image

Alle kan grammatikk, men mange synest det er vanskeleg å snakke om det.

Mange hevdar at det står for lite om grammatikk i dei nye læreplanane, og førelesarar på universiteta våre fortel at språkstudentane kan mindre og mindre om grunnleggjande grammatiske omgrep. Dei veit ikkje skilnaden på substantiv og subjekt. Kvifor er det så viktig å ha kunnskap om grammatikk? Er det ikkje nok at vi greier å kommunisere på morsmålet vårt?

Ordet grammatikk er tvitydig – minst. Det kan vise til læra om korleis eit språk er oppbygd, og til sjølve bygnaden. Det er både læra om byggjesteinane og læra om korleis dei skal setjast saman. Det finst reint beskrivande (deskriptiv) grammatikk og regelgjevande (normativ) grammatikk. Sjølve ordet grammatikk har vi frå den greske nemninga (tekhne) grammatike og den latinske omsetjinga ars grammatica, som på norsk blir ‘lese- og skrivekunsten’. Vi må passe på stavemåten i norsk: Ordet har to gonger dobbel konsonant. Stavemåten grammatik var den rette fram til rettskrivingsreforma i 1917, difor har to av dei viktigaste norske grammatikkbøkene gjennom tidene berre éin k i namnet: Norsk Grammatik (Ivar Aasen, 1864) og Norsk grammatik til skolebrug (S.W. Hofgaard, mange utgåver). No er det altså GRAMMATIKK som gjeld. For å hugse at det skal vere to m-ar òg, kan det vere nyttig å vite at ordet som ligg til grunn, er det gammalgreske gramma ‘bokstav, det skrivne, skriving’.

Men la oss gå attende til spørsmålet om kvifor vi treng språklæra. Eit særtrekk ved mennesket er evna til å undre seg og stille spørsmål om tinga i og omkring seg. Og at folk undrar seg over språk – det er sikkert. Kvar einaste dag får Språkrådet ei rekkje spørsmål om grammatikk. Det er tydeleg at folk flest har klare meiningar om rett og gale i språket. Vi ser det same på sosiale medium: Kor mange kommentarfelt endar ikkje med ein diskusjon om korrekt grammatikk? I ei tid da så mange skriv til dagleg, er grammatiske spørsmål noko som vedkjem så å seie alle.

Dei fleste av oss har eit morsmål – eit språk vi automatisk kan snakke flytande. Når vi bruker morsmålet vårt, bruker vi grammatikken. Grammatikken er byggjesteinane i sjølve språket, morsmålsgrammatikken er for kvar og ein av oss ei språkleg reiskapsbu eller verktøykasse. Vi veit som oftast når vi skal bruke hammaren, og når vi må ty til tonga. Men dét er ikkje nok når vi skal snakke om snikring, og det held ikkje dersom vi skal undervise i det.

Som undrande og problemløysande skapningar treng vi å kunne reflektere over og snakke om vår eiga verktøykasse. Det er vanskeleg om ikkje nokon har lært oss kva reiskapane heiter. Vi har altså ikkje berre rett til morsmål, men òg til grunnleggjande kunnskap om morsmålet. Med andre ord: rett til grammatikk i alle tydingar av ordet.

 

Publisert 8. juni 2018

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter