Frå Dnipropetrovsk til Dnipro

No image

For eit par veker sidan vedtok det ukrainske parlamentet å døype om byen Dnipropetrovsk, som er den fjerde største i landet, til Dnipro. 

Det er eit ledd i ei omfattande avsovjetisering av stadnamn, der namn som refererer til personar eller omgrep knytte til sovjetregimet, blir endra. Gjennom tidene har byen Dnipro hatt fleire namn, men namnet Dnipropetrovsk, som han fekk i 1926, var knytt til kommunistleiaren Hryhorij Petrovskyj, ein sentral politikar i Ukraina under Stalin.

Bynamnet Dnipro er samstundes det ukrainske namnet på den store elva som vi i Noreg gjerne kjenner under det russiske namnet Dnepr. Elva renn òg gjennom hovudstaden, som heiter Kyiv på ukrainsk og Kiev på russisk. Dnipro har vore ei viktig transportåre langt attende i tid, mellom anna brukt av skandinaviske vikingar på veg til Miklagard, altså Konstantinopel. Sjølve byen Dnipro er i dag kjend for fotballaget med same namn, som har gjort det godt internasjonalt ved fleire høve. Fotballaget Dnipro er òg representert i den ukrainske troppen til fotball-EM som tar til i komande veke.

Når vi skriv eit utanlandsk namn på norsk, bruker vi oftast den forma namnet har på den aktuelle staden (endonymi). Av og til er det likevel hevd for å bruke namn som skriv seg frå ein annan stad eller ei anna tid (eksonymi). For namn i Ukraina er begge prinsippa aktuelle. Som kjent er både ukrainsk og russisk språk i bruk i Ukraina, men ukrainsk er einaste offisielle språk. På norsk var det før vanlegast å bruke russiske former av namn i landet, men etter kvart ser vi at dei ukrainske formene dukkar opp i stadig større mon i norske tekstar. Dei ukrainske formene – som altså er dei offisielle i landet – kan sjølvsagt brukast på norsk, men det er òg greitt å bruke russiske former som har brukstradisjon her til lands, som til dømes Kiev, Odessa og Dnepr. På lista vår over utanlandske stadnamn står både dei ukrainske og dei russiske namna. Offisielle reglar for transkripsjon av ukrainsk og andre (ikkje-russiske) språk som bruker det kyrilliske alfabetet, finn du her.

 

Publisert 3. juni 2016

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter