Flyktning

No image

Verdas flyktningdag blir markert 20. juni kvart år etter initiativ frå FN. FN har eigne kriterium for kven som kan reknast som flyktning. Dei bør ikkje vere førande for korleis vi brukar ordet i allmennspråket.

Ordet flyktning tyder ifølgje Nynorskordboka ‘person som er på flukt; person som har flykta frå heimstaden, landet’. I allmennspråket viser ordet såleis til ein som har rømt frå noko, helst ein fare. I FNs flyktningkonvensjon har flyktning ei snevrare tyding, med ei rekkje spesifiseringar av kven som kan reknast som flyktning etter konvensjonen. Men desse innsnevringane bør ikkje styre bruken av ordet i det norske allmennspråket. Om vi kallar menneske på flukt for flyktningar, gjer vi ikkje med det ei vurdering av den juridiske statusen deira etter flyktningkonvensjonen.

Dei siste åra har vi sett at ordet migrant ofte har blitt bruka om dei som kjem, eventuelt saman med ordet flyktning. Tradisjonelt har migrant først og fremst vore bruka i fagspråk. Ein migrant er ein som tek del i migrasjon, som i utgangspunktet tyder ‘vandring, flytting’, med presiserande nemningar immigrasjon 'innvandring' og emigrasjon 'utvandring'. Migrasjon skjer ofte over landegrenser, men kan òg skje innanfor eit land. Ulike organisasjonar og fagmiljø kan leggje snevrare definisjonar til grunn for bruken av ordet migrant. I utgangspunktet vil overomgrepet migrant femne så vidt at det er meir tenleg å bruke meir kjende og spesifiserande ord som asylsøkjar, innvandrar og utvandrar, flyktning osb.

Samansette ord på flyktning- skal skrivast utan binde-e. Les meir om bindebokstavar.

---

Foto: Stephen Ryan / IFRC – Hungary: Budapest, 4 September 2015 (Lisens: CC BY-SA 2.0).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:20.06.2018 | Oppdatert:08.08.2023