Flod

No image

Då uvêret Elsa herja som verst, var det ikkje få vestlendingar som kontakta Språkrådet for å klaga på flytande omgrepsbruk og uforsvarleg rettskriving. Vonleg fekk somme av dei tid til å berga båtane sine mellom tastaturøktene.

Klagemåla retta seg mot

  1. samanblanding av orda springflod og stormflod i media
  2. skrivemåten «flod» i nynorsk

Nedanfor kan du lesa om skilnaden mellom springflod og stormflod – og om kvifor vi skriv orda med d.

Springflod og stormflod

Kort sagt er springflod i fagspråket den ekstra høge floda vi får når tyngdekrafta frå sola og månen dreg i lag. Stormflod er det fyrst når lågtrykk eller vind får det til å flø meir enn vanleg, i verste fall i tillegg til springfloda.

Vi viser like godt til Kartverket, yr.no og Store norske leksikon (springflo og stormflo).

Men allmennordbøkene kan òg by på nokre interessante opplysningar. Fyrst ein snartur over Skagerrak.

I Ordbog over det danske Sprog (ODS) ser vi at springflod lenge har vore nytta litt vidare og lausare i allmennspråket:

ty. springflut [...] en under særlige forhold til en usædvanlig højde (hurtigt) stigende vandstand; spec. (fagl.): højeste flod (I.1.2), indtrædende ved ny- og fuldmaanetid (mods. Ebbe, Springebbe, Nipflod)

Det same finn vi i Norsk Riksmålsordbok (under 1):

1 litt. vannstand som stiger hurtig til usedvanlig stor høide.
2 særl. geogr., sjøu. høieste flo ved ny- og fullmåne (t. forskj. fra nippflo) (Nans. Polh. I 488).

Arvtakaren Det Norske Akademis ordbok (NAOB) har omdefinert problemet litt:

1 geografi, astronomi høyeste flo ved ny- og fullmåne, til forskjell fra nippflo
2 muntlig = stormflo

Etter «muntlig» kunne ein nok lagt til: og helst berre i overført tyding.

Om stormflod seier ODS:

en af stærk storm fremkaldt usædvanlig høj vandstand, ofte i forbindelse med oversvømmelser, ved en kyst

NAOB har dette:

sterk (plutselig) flo som skyldes stormfulle værforhold (kraftig pålandsvind, lavt lufttrykk), især når den kommer i forbindelse med springflo

Og Bokmålsordboka:

svært høy flo som oppstår når pålandsstorm og springflo faller sammen

Det er nokre nyansar her, men hovudskiljet er tydeleg: Stormflod bør reserverast for dei tilfella der vêret (lågtrykk) spelar ei rolle attåt tyngdekrafta.

Floda = /floa/

Så har vi den andre tornen i auga på klagarane: d-en i flod. Kvifor skal ein skriva flod, som i dansk? Dei aller fleste seier jo /flo/.

Eit enkelt svar er at det er som med d-en i blod og god: han er stum. Det er få som reagerer på det.

Men det blir litt for enkelt. Vane er viktig, og folk er vane med skriftbiletet flo frå bokmål. Vi kjem ikkje utanom språkhistoria om vi skal forklara skilnaden.

I mange ord knytte til norsk natur og folkeliv (særleg særnorske ord), fjerna ein tidleg d-en i dansk-norsk og riksmål, medan ein lét han stå i andre ord som folk flest uttalte utan d. Til dømes skreiv ein lien eller lia, men heldt på d-en i ordet tid (som òg fanst i dansk). I vanleg norsk talemål heitte det både lia og tia (og nokre få stader lida og tida).

I eldre nynorsk (landsmål) var det mange fleire stumme d-ar, for Ivar Aasen hadde ikkje sans for den selektive strykinga av d-ar i skrift. Ein skreiv lenge mellom anna tid, lid, heid, saud fordi d-en fanst i eldre mål, nett som vi framleis skriv blod, god, raud osb. Nynorsken har seinare kvitta seg med mange stumme d-ar, men han står att i ein del ord der bokmål har meir lydrett skrivemåte.

Der d-en står att, finn vi ofte ein samanheng med andre ord som har d. Flod heng saman med å flø(da) slik blod heng saman med å blø(da). Dessutan har flod òg andre tydingar, mellom anna ‘flaum’, jf. samansetninga syndfloda (med stum d i nynorsk) eller uttrykket å flø(da) utover. I tydinga ‘elv’ har flod til og med d-uttale, men det er på sida av emnet, for denne tydinga kjem frå tysk og høyrer ikkje heime i tradisjonell nynorsk. Det kan knapt reknast som ei tyding av det same ordet.

Legg merke til at nynorsk har fleire andre ord med skrivemåten flo (utan d) som var mykje nytta før i tida. Det kan ha vore eit poeng å skilja tidevatnet frå desse floene.

 

Publisert: 14. februar 2020

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.02.2020 | Oppdatert:03.08.2021