Finland

No image

Kongeparet har vore i Finland denne veka. Men kva kallar vi dei som tok imot dei, og kva skal vi kalle hovudstaden?

Folk frå Finland blir ofte kalla «finnar», men om ein strengt skal følgje definisjonen i Nynorskordboka, er ikkje alle finlendingar finnar. Der er nemleg «finne» knytt til både språk og nasjonalitet. I Finland er både finsk og svensk offisielle språk, og difor opererer ordboka med både «finnar» ’finskspråkleg finlending’ og «finlandssvenskar» ’svenskspråkleg finlending’. Altså er «finlending» (eller «finlendar») ’person frå Finland’ kanskje det tryggaste om ein ikkje kjenner språkbakgrunnen til dei ein vil omtale.

Mange finske stadnamn finst på både finsk og svensk. «Helsinki» og «Turku» er døme på det første, og dei same byane heiter «Helsingfors» og «Åbo» på svensk. Språkrådet tilrår å velje den svenske forma når ein skriv på norsk. Det same gjeld sjølve landsnamnet, og der skriv nok dei aller fleste nordmenn «Finland» (og ikkje «Suomi»). På Språkrådets liste over utanlandske stadnamn står dei finske namna i parentes.

Vi tilrår dei svenskspråklege formene av omsyn til det skandinaviske språkfellesskapet. Sidan svensk er offisielt språk i Finland attmed finsk, kan finlendingar og nordmenn skjønne kvarandre, iallfall i ei viss grad, utan å nytte framandspråk. Det er tradisjon for å bruke svensk namneform i fellesnordiske ordlister, og frå fleire hald i Finland og Norden elles – òg finskspråkleg – har det vore eit ønske om at dei skandinaviske språka nyttar svenske namneformer der dei er offisielle.

Språkrådet fekk nyleg spørsmål om ein kan nytte ordet «finnofil» om folk som elskar alt som har med Finland å gjere. Ordet finst ikkje i ordbøkene, men vi ser at somme skribentar har nytta det frå tid til anna. Parallellen til «frankofil» ’franskvennleg’ er tydeleg, så eit slikt nyord burde iallfall vere lett å skjønne.

---

Foto: Jonathan – Helsinki Skyline (Lisens: CC BY-SA 2.0).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.09.2016 | Oppdatert:09.08.2023