Likar du dei nye ikona?

No image

Facebook har nyleg gitt oss fem nye ikon. Før gav vi berre tommel opp til innlegga, men nå kan vi òg klikke på hjarteikon eller fjes som ler, er overraska, triste eller sinte. Vi ser nærare på kva ikona blir kalla i ulike språk, og om det er greitt å gi noko «likes» på norsk.

For dei som måtte vere i tvil om kva ikona er meinte å stå for, kan det vere ei hjelp at det kjem opp eit ord når ein held markøren eller fingeren over dei. Det mange kanskje ikkje tenkjer over, er at tydinga til desse hjelpeorda ikkje er heilt den same i dei ulike språkversjonane i Facebook. I bokmålsversjonen heiter til dømes hjarteikonet «fantastisk», men i nynorskversjonen står det «kjærleik» – og det er noko ganske anna, vil vi meine.

Her ser vi dei engelske hjelpeorda og korleis dei er omsette til ein del språk:

  Ikon_Liker Ikon_Fantastisk Ikon_Haha Ikon_Wow Ikon_Trist Ikon_Sint
engelsk: Like Love Haha Wow Sad Angry
bokmål: Liker Fantastisk Haha Wow Trist Sint
nynorsk: Lik dette Kjærleik Haha Wow Trist Sint
svensk: Gilla Älska Haha Wow Ledsen Arg
dansk: Synes godt om Vild med Haha Wow Ked Vred
tysk: Gefällt mir Love Haha Wow Traurig Wütend
fransk: J’aime J’adore Haha Wouah Triste Grrr
spansk: Me gusta Me encanta Me divierte Me asombra Me entristece Me enfada

 

Omsetjingar som desse kan skape misforståingar, sjølv om konsekvensane i akkurat dette tilfellet vonleg ikkje blir altfor alvorlege. Når ein set om noko til eit anna språk, er det gjerne uråd å gi att meiningsinnhaldet eksakt slik det er i originalen. Valet står ofte mellom ulike ord som kvar for seg ikkje treffer eller dekkjer originalen perfekt. Årsaka er at språk – også nærskylde språk – ikkje deler inn tydingane heilt likt. Eit enkelt eksempel på det er at vi på norsk bruker tre både om eit tre i skogen og om treverk som materiale, medan svenskane skil mellom träd ‘treplante’ og trä ‘treverk’.

Kor mange likes?

Dei fleste sosiale medium gir brukarane høve til å uttrykkje at dei likar noko, til dømes eit innlegg eller eit bilete. I norsk daglegspråk har vi lånt inn substantivet like(s) frå engelsk, og det er vanleg å snakke om kor mange «likes» noko har fått, altså kor mange gonger nokon har trykt på likar-knappen. Eit norsk ord som kan høve i staden, er likarklikk. Men mange gonger klarer vi oss fint utan substantivet: I staden for å seie at «innlegget til Per har fått tjue likarklikk/likes», kan vi gjerne seie «tjue personar likar innlegget til Per». 

Så står det att å sjå kva namn som fester seg på dei nye ikona, som det triste og det sinte fjeset, og om vi vil snakke om kor mange gonger noko er elska eller utledd i tillegg til kor mange som likar det.

 

Publisert 4. mars 2016

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.03.2016 | Oppdatert:04.08.2021