Eswatini

No image

Det er nyleg avgjort at landet som tidlegare heitte Swaziland, no skal ha det offisielle namnet Kongeriket Eswatini på norsk. Kortnamnet er Eswatini.

Skrivemåten har vore diskutert, mellom anna med omsyn til fordeling av store og små bokstavar. Etter lokal ortografi skulle skrivemåten vere eSwatini, men i norsk rettskriving må det bli Eswatini, jf. oversikta over namn på statar på nettsidene våre. Denne skrivemåten er også vedteken for svensk, og han svarar dessutan til den engelske skrivemåten som Dei sameinte nasjonane bruker i listene sine.

Prefikset e- i namnet skal tyde ‘til’ eller ‘frå’, mens suffikset -ini refererer til staden der folket til Mswati (ein tidlegare konge) bur. Tydinga blir då grovt sagt ‘landet til swaziane’, semantisk sett om lag det same som Swaziland.

 

Publisert: 14. desember 2018

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.12.2018 | Oppdatert:03.08.2021