ePukling – ein folkesport?

No image

Den 26. mars opna statsministeren Noregs fyrste e-sporthus. Det var same dagen som det norske e-fotballandslaget tok imot svenskane på Ullevaal stadion.

Det stadig meir aktuelle ordet e-sport er godt forklart og rett stava både i Store norske leksikon og på Wikipedia.

Ord som startar med forkortinga e- for ‘elektronisk’, skal altså skrivast med bindestrek. Når ein set eit slikt ord saman med endå eit ord, bør ein la bindestreken stå – heilt i ro! Det heiter såleis e-sporthus og ikkje esport-hus, som det står på nettsidene til regjeringa og andre stader.

Prinsippet er det same som for e-post og e-postadresse.

Rett som det er, ser ein skrivemåten «eFotballandslaget» (t.d. på nettsidene til TV 2). Her er det tre feil. For det fyrste manglar bindestreken, for det andre er det brukt stor «forbokstav» i noko som ikkje er eit særnamn, og for det tredje er ikkje den store «forbokstaven» forbokstav, men bokstav nummer to. Eit ord som er (feil)skrive med stor bokstav inni ordet, kallar vi pukkelord på grunn av den dromedarliknande profilen.

I staten er det framleis mykje vakling mellom puklar og bindestrekar. Vi finn alt frå tenesta «eInnsyn» til det eksemplariske «Direktoratet for e-helse».

Rettskrivinga er heldigvis enkel og grei: Ingen ord har pukkel, og alle e-ord har bindestrek.

Du finn meir om emnet i svarbasen vår.

 

Publisert 29. mars 2019

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter