Elbil
Elbilen er langt frå å vere ei ny oppfinning, men det har komme mange nye elbilmodellar og elbileigarar dei seinare åra. Ordet elbil har vore brukt i norsk iallfall sidan 1960-åra og minst like lenge i svensk og dansk.
Den rette skrivemåten er elbil i eitt ord utan bindestrek, altså ikkje «el-bil». Kvifor ikkje?
Samansette ord skal som hovudregel skrivast samanhengande i eitt ord: elbass, elgitar, elsykkel, elsparkesykkel, hybridbil, dieselbil, bilmotor.
Unntak har vi når førsteleddet er ein bokstav, eit tal, ei forkorting: e-moll, e-post, e-bok, it-opplæring, P4-sending, Ap-medlem.
Kva slags ledd er el i elbil? El er stundom brukt som eit eige, sjølvstendig ord, som i «levere el», det vil seie ‘levere elektrisk straum’. Det er likevel mykje meir vanleg som ein type forledd, som kortform for elektrisitets-, elektro- og elektrisk. Til dømes har forma elverk erstatta forkortinga e-verk for elektrisitetsverk og energiverk.
Publisert 24. april 2015