Eläkhöön kväänin kieli – leve kvensk!

No image

16. mars markerer vi kvenfolkets dag. Kvenane er ein av dei fem nasjonale minoritetane i landet vårt, og kvensk blei formelt godkjent som eige språk i Noreg i 2005. 

Dei fleste i Noreg veit noko om samane og dei samiske språka i landet vårt, men færre kjenner til kvenane og språket deira. Kvenfolket har lang historie i Noreg. På 1700- og 1800-talet flytta mange kvenar til Nord-Noreg frå det som no er Nord-Sverige og Finland. Mellom 1500 og 10 000 personar snakkar kvensk i Noreg i dag, og langt fleire har kvensk slektsbakgrunn. I 1998 blei folket anerkjent som ein nasjonal minoritet, og i 2005 fekk kvensk status som eit eige språk.

I fleire av dei nordlegaste kommunane våre står nordsamiske og kvenske stadnamn side om side på offentlege skilt, og fleire stader liknar namna kvarandre. Er språka i slekt? Ja, det er dei, for kvensk og samiske språk høyrer til same språkfamilie, men språka er likevel svært ulike og representerer kvar si grein på det finsk-ugriske språktreet.

Kvensk er derimot lett å forstå for finnar sidan språket er eit austersjøfinsk språk. Somme kvenar kallar seg heller norskfinnar enn kvenar og nyttar standardfinsk når dei skriv.

Trass i slektskapen med finsk reknar ein kvensk som eit sjølvstendig språk. I dag har kvenane sitt eige skriftspråk, og det finst både aviser, grammatikkbøker og andre lærebøker på kvensk. I Troms og Finnmark har barn rett til å få undervisning i kvensk/finsk som andrespråk i skolen. Den auka statusen som kvensk språk og kultur har fått i Noreg etter at språket fekk offisiell anerkjenning i 2005, har gjort at stadig fleire tar imot tilbodet om undervisning og gir språkarven vidare til neste generasjon.

Vi ønskjer eit samla kvenfolk til lykke med dagen 16. mars! Eläkhöön kväänin kieli – leve kvensk!

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter