Det grøne skiftet

No image

Årets ord er det grøne skiftet. Det er eit fast uttrykk som har prega nyhendebiletet gjennom heile året. Denne veka er det ekstra aktualisert med klimaforhandlingane i Paris. Språket vårt vert rikare gjennom nye ord, nye ordsamansetningar og nye faste uttrykk.

Det grøne skiftet viser til omstillinga til eit samfunn der vekst og utvikling skjer innanfor tolegrensa til naturen. Viktige tema gjev ofte opphav til nye ord og uttrykk, og det grøne skiftet er eit godt eksempel på det. Andre faste uttrykk som kjem av grunnleggjande samfunnsendringar, er den industrielle revolusjonen, det store hamskiftet, den grøne revolusjonen, den tredje vegen osb.

Det grøne skiftet er døme på det vi kallar ein frase, ein talemåte, ei fast vending. Fraseologi er ‘lære om eller samling av faste, særmerkte uttrykk og talemåtar’. Nokre slike faste uttrykk har også funne vegen til ordbøkene, t.d. i Nynorskordboka.

Det grøne skiftet kom først i bruk i 2013, men det er i år at det har slått igjennom blant språkbrukarane.

 

Publisert 4. desember 2015

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter