Catalonia, katalanarar og katalansk

No image

Den nordaustlege regionen i Spania heiter på norsk Catalonia, medan vi nyttar k i innbyggjarnamnet katalanar (bokmål katalaner) og i adjektivet katalansk.

Catalonia er aktuelt i samband med regionsvalet 27. september, som for mange katalanarar også dreier seg om ei avrøysting for eller mot sjølvstende.

I høve regionsvalet vert det òg skrive om sentrale katalanske institusjonar og omgrep. Vi ser at nokre journalistar nyttar engelske namn for fleire av desse, så vi har difor laga ei liste med forslag til norske omsetjingar.

Katalansk Nynorsk Bokmål
Generalitat de Catalunya

Dei katalanske regionsstyresmaktene (Generalitat)

eller

Dei katalanske sjølvstyremyndigheitene (Generalitat)

De katalanske regionsmyndighetene (Generalitat)

eller

De katalanske selvstyremyndighetene (Generalitat)

El Parlament de Catalunya Det katalanske parlamentet Det katalanske parlamentet
El President de la Generalitat Den katalanske regionspresidenten Den katalanske regionspresidenten
El Govern / El Consell Executiu de Catalunya

Den katalanske regionsregjeringa

eller

Den katalanske sjølvstyreregjeringa

Den katalanske regionsregjeringen

eller

Den katalanske selvstyreregjeringen

Consell de Diplomàcia Pública de Catalunya Det offentlege diplomatirådet i Catalonia Det offentlige diplomatirådet i Catalonia
Delegació del Govern davant la Unió Europea Den katalanske EU-delegasjonen Den katalanske EU-delegasjonen
estatut d’autonomia

sjølvstyrestatutt

eller

sjølvstyrevedtekt

selvstyrestatutt

eller

selvstyrevedtekt

comunitat autònoma  sjølvstyreregion selvstyreregion
eleccions autonòmiques  regionsval regionsvalg

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:22.09.2015 | Oppdatert:11.08.2023