Bindebokstav

No image

Er det rett å skrive flyktningpolitikk eller flyktningepolitikk med binde-e?

Svaret er at ord som begynner med flyktning-, skal skrivast utan binde-e, som i namnet på organisasjonen Flyktninghjelpen. Språkrådet får ofte spørsmål om korleis ord skal bindast saman til samansette ord, om det skal vere med ein bindebokstav eller ei.

Når forleddet endar på -ing eller -ning, har ordet oftast binde-s. Det gjeld når forleddet er eit substantiv på -(n)ing laga direkte av eit verb. Difor heiter det spenningsserie, utskrivingsklar, dyrkingsmedium, førelesingsserie, parkeringshus, treningsstudio. Nokre ord utan nær tilknyting til eit verb høyrer til same gruppa: festningsverk, yndlingsforfattar, utlendingslov, leiglendingsjord, skillingsbolle.

Ei lita gruppe på fire personord på -ing, flyktning, heidning/hedning, viking og yngling, vart ofte skrivne med binde-e tidlegare, men det er fastsett at det ikkje skal vere binde-e i ord som flyktningkrise, heidningmisjon, vikingfilm og ynglingalder.

Ein del fleire ord på -ing som ikkje er avleidde av verb i norsk, har heller ikkje binde-s, som høvdingætt, trillingfødsel, dronningbesøk, kjerringråd, nettingstrømpe, dopingrapport, campingplass, shoppingsenter, terningkast, kavringpose, brislingfiske, callinganlegg, kulingvarsel, puddingpulver, grevlinghund, kjuklingsalat, kjettingplass. Nokre av orda står for personar, andre er importerte frå engelsk eller andre språk.

(Kjelde: Vigleik Leira: Ordlaging og ordelement i norsk. Det Norske Samlaget 1992)

---

Foto: Gianluca Carnicella – Yellow rope (Lisens: CC BY-NC-ND 2.0).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:12.11.2015 | Oppdatert:11.08.2023