Belarus

No image

Utanriksdepartementet har kunngjort at det framover (frå 29. mai 2022) vil nytta namnet Belarus i staden for Kviterussland/Hviterussland. Med dette blir Belarus det offisielle namnet på denne staten på norsk. Korleis bør namnet uttalast, og korleis skal vi skriva innbyggjarnamn, nasjonalitetsadjektiv og språknamn som høyrer til Belarus?

Språkrådet tilrår ein uttale som er nær den norske skrivemåten og med trykk på siste stavinga i Belarus. Skrivemåten av innbyggjarnamnet vil vera belarusar/belaruser og belarusisk som nasjonalitetsadjektiv og språknamn, og Språkrådet vil tilrå desse nemningane i offisiell samanheng.

Meir om uttalen

Om den belarusiske uttalen av Belarus (Беларусь) kan det særleg nemnast at han er med trykk på den siste stavinga, ein palatalisert b-lyd (nærmast /bj/), o-lyd for u og ein palatalisert s-lyd. Dette må tilmåtast til norsk uttale.

I nyare lånord er det i mange norske talemål vanleg å låne inn det trykket ordet har i originalspråket. Belarus bør difor få trykket på den siste stavinga på norsk. Om ein har eit talemål med temmeleg konsekvent bruk av førstestavingstrykk, må ein sjølvsagt kunna bruka det òg. (Somme vil sikkert òg vera kjende med traktormerket Belarus, som på norsk gjerne får uttale med trykket på den midtre stavinga. Vi reknar likevel ikkje dette som så kjent at vi vil tilrå denne uttalen for statsnamnet.)

På norsk skil vi mellom kort og lang vokal i trykktunge stavingar. Når trykket ligg på den siste stavinga, og -rus er skrive med berre éin konsonant, talar det for uttale med ein lang u.

Belarusisk og belarusar

Skrivemåten Belarus med éin s og uttalen med lang u tilseier at språknamnet og nasjonalitetsadjektivet bør vera belarusisk (til no: kviterussisk/hviterussisk). Etter same logikk blir innbyggjarnamnet belarusar (nynorsk) / belaruser (bokmål) (til no: kviterussar (nynorsk) / hviterusser eller kviterusser (bokmål)). Desse skrivemåtane blir ein del av norsk rettskriving og står oppførte i Bokmålsordboka og Nynorskordboka.

Kviterussland, kviterussar og kviterussisk  

Sidan Kviterusssland/Hviterussland er blitt bytt ut med Belarus, vil det seia at det er det nye namnet som skal brukast i offisiell samanheng og av det offentlege. Når det gjeld kviterussar/hviterusser og kviterussisk, er dette allmennord som har vedtekne rettskrivingsformer, og som framleis vil stå i ordbøkene og kunna brukast. Språkrådet vil like fullt tilrå å ta i bruk belarusar/belaruser og belarusisk.

Meir om statsnamnet

Det belarusiske namnet Беларусь blir skrive med kyrilliske bokstavar, og med transkripsjonsreglane frå belarusisk til norsk ville skrivemåten ha vore Bjelarus. Førsteleddet bela- tyder ‘kvit’. Rus har gjennom historia referert til fleire ting. Opphavleg var rus ei nemning på folk frå Skandinavia som skal ha grunnlagt Kyiv-riket på 800-talet, men det blei snart brukt om sjølve dette riket òg (Rus eller Kyiv-Rus). Den russiske staten som voks fram med sentrum i Moskva frå 1300-talet og utover, fekk etter kvart nemninga Rossija ‘Russland’, men Rus har seinare ofte vore brukt for å referere til heile det austslaviske området. Somme meiner at -rus i Belarus er ei rein vidareføring av Rus slik nemninga blei brukt om Kyiv-riket, men det kan altså diskuterast. Det kan vere rettare å seia at Belarus beint fram tyder ‘Kviterussland’.

Namnet Belarus er teke i bruk nett i den forma i nokre andre språk, mellom anna engelsk, tysk, svensk og dansk. Andre språk held fast på det tradisjonelle namnet, til dømes finsk (Valko-Venäjä), litauisk (Baltarusija) og gresk (Levkorosía). Språkleg sett kan ein finna argument for både den eine og den andre forma. Du kan lesa meir om dei ulike argumenta i artikkelen «Vitryssland eller Belarus» av Ola Karlsson i det svenske Språkrådet.

Sjølv om Belarus har kome i bruk på fleire språk som er nærskylde med norsk, har det ikkje vore ein einsarta praksis for korleis dei avleidde orda skal skrivast. Svensk har belarusier, belarusisk og belarusiska. Tysk har Belarusse/Belarussin og belarussisch. Dansk Sprognævn tilrår belaruser og belarusisk, men det ser ut til at belarussisk er mest i bruk. Engelsk har Belarusian.

Meir om språket

Det belarusiske språket høyrer saman med russisk og ukrainsk til den austslaviske undergruppa av slavisk. Dei tre austslaviske språka er nære slektningar, og forstår du russisk, forstår du det meste av ein belarusisk tekst om du legg godviljen til. Det er likevel ein del skilnader både i lydsystem, ortografi og ordtilfang. ‘Arbeid’ heiter pratsa på belarusisk, men rabota på russisk, ‘takk’ heiter dziakuj på belarusisk, men spasibo på russisk og ‘potet’ heiter bulba på belarusisk, men kartofel eller kartosjka på russisk.

I Belarus er det dessutan mange som snakkar overgangsvariantar mellom belarusisk og russisk. Dette blandingsspråket blir kalla trasianka (opphavleg tyding: ‘dårleg høy’).

I Belarus har både belarusisk og russisk status som offisielle språk, men russisk har lenge hatt størst prestisje og dominerer i dag på dei fleste områda i samfunnet. Unesco* reknar belarusisk som eit sårbart språk. Du kan lesa meir om språkstoda i Belarus og den historiske bakgrunnen i artikkelen «Belarusian Language» av språkforskaren Asya Pereltsvaig.

Ettersom både belarusisk og russisk har offisiell status i Belarus, blir namn på stader og personar transkriberte dels frå det eine og dels frå det andre språket. Den regjerande makthavaren er Aljaksandr Lukasjenka (belarusisk) eller Aleksandr Lukasjenko (russisk), og opposisjonsleiaren i eksil heiter Svjatlana Tsikhanowskaja (belarusisk) eller Svetlana Tikhanovskaja (russisk).

I valet mellom å transkribera frå belarusisk eller russisk tilrår ikkje Språkrådet det eine framfor det andre, men vi rår til å vera konsekvent. Vi har offisielle reglar for transkripsjon av belarusisk og russisk til norsk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:01.06.2022 | Oppdatert:02.06.2022