Banksekretesse

No image

I samband med den aktuelle avsløringa av pengeflukt til skatteparadis vert ordet sekretesse nytta. Kva løyner seg bak ordet, og kor kjem det frå? Og har det noko med sekretær å gjere?

Ifølgje Bokmålsordboka tyder sekretesse 'det å halde noko hemmeleg for å verne ein person eller ein organisasjon'. Ordet vert ofte nytta om banknæringa, og ein snakkar difor like gjerne om banksekretesse.

I ordlista til organisasjonen Tax Justice Network Norge står det at sekretesse er eit særtrekk ved lovgjevinga i skatteparadis og inneber m.a. sterke restriksjonar på innsyn og tilsløring av selskapsstrukturar.

Ordet er langt frå nytt i norsk, og vi finn banksekretesse som oppslagsord i Evanths forretningsordbok frå 1945. Her vert det forklart som ‘banks taushetsplikt vedrørende dens kunders forretninger’. 

Sjølve ordet sekretesse avslører eigentleg sitt eige opphav. Det kjem frå fransk secret (‘løyndom, hemmelegheit’), som igjen har det frå det latinske secretus med tydinga ‘noko som er åtskilt eller løynt’. Truleg har det gått frå fransk gjennom svensk til norsk. Svenskane snakkar om sekretessplikt, og vi om teieplikt.

Den språklege likskapen med sekretær er ikkje tilfeldig. Sekretær kjem frå det latinske secretarius, som tydde ‘ein fortruleg, ein som tek vare på hemmelege saker’, ifølgje etymologiske ordbøker. Medan det var sekretærane som bar på løyndomane før, er det no bankane som gjer det.

Islendingane har fått merke denne avsløringa ekstra godt. Dei kallar fenomenet like godt for bankaleynd. Ordet deira er i alle fall ganske gjennomsiktig.

 

Publisert 5. april 2016

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter