Avgift og gebyr

No image

I haust har vi høyrt om både auka gebyr frå DNB og auka avgifter på drivstoff. Er det nokon skilnad på avgift og gebyr? Og er ei avgift giftig?

Avgifter har nok funnest i lang tid, for alt i norrønt finn vi substantivet «afgift/afgipt». «Avgift» og andre ord på -gift som «medgift» og «utgift» har samanheng med verbet «gi/gje». Substantivet «gift» ’stoff som skader eller drep ein organisme’ har faktisk det same opphavet sjølv om vi har fått ordet via tysk. Det tyder nemleg ’stoff som blir gjeve inn’.

Ifølgje Nynorskordboka er avgifter ’betaling for bruk av ting eller rett som høyrer til andre, for løyve til å drive verksemd, til å ha ting eller til å ta imot tenester eller andre fordelar’. Jusleksikon snevrar tydinga inn til å gjelde betaling til det offentlege. Døme på slike avgifter er årsavgift, trygdeavgift og meirverdiavgift.

«Gebyr» har ei kortare historie i norsk, og ordet kjem frå tysk. Det heng saman med verbet «burde» og tyder eigentleg ’det som tilkjem ein’.

Tidlegare har «gebyr» berre blitt brukt om ei form for avgift som skulle betalast for ei enkelt teneste frå det offentlege, til dømes tinglysingsgebyr. Bruken av «gebyr» om betaling for banktenester er nærskyld med denne definisjonen. Etter kvart har det komme ei ny tyding attmed den tradisjonelle. Her blir «gebyr» nytta om ein mild reaksjon som ikkje kjem fram i straffe- eller bøteregisteret, til dømes parkeringsgebyr til bilistar som ikkje har betalt parkeringsavgift. «Avgift» har altså ikkje denne tydinga.

 

Publisert 4. november 2016

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:03.11.2016 | Oppdatert:04.08.2021