Ambassade

No image

USA har nyleg opna sin nye ambassade på Huseby i Oslo. Kvar kjem ordet ambassade frå?

Ein ambassade er ein diplomatisk representasjon (utanriksstasjon) som eit land har i eit anna land for å ivareta eigne interesser overfor regjeringa i vertslandet, i tillegg til å arbeida for å fremja sambandet mellom landa. Vi har lånt ordet frå fransk, og på norsk bruker vi ein variant av det same ordet som blir nytta i dei fleste europeiske språk, jf. embassy (engelsk), embajada (spansk) og ambasciata (italiensk). Ordet kan førast tilbake til ambactia ‘teneste, funksjon’ i mellomalderlatin, som i sin tur er avleidd av det galliske (keltiske) *ambactos ‘tenar, bodberar’. Ordet heng òg saman med gammalhøgtysk ambahti ‘teneste’, som i sin tur ligg til grunn for embete. Den som leier ein ambassade, blir kalla ambassadør, som vi òg har lånt frå fransk (ambassadeur).

Somme europeiske språk brukar likevel andre ord. Ikkje overraskande er islandsk eitt av dei. Det islandske ordet for ambassade er sendiráð, medan ordet for ambassadør er sendiherra. På tysk brukar ein Botschaft (direkte omsett ‘bodskap’) og Botschafter (‘mannleg ambassadør’) eller Botschafterin (‘kvinneleg ambassadør’). I norsk finst det òg ein viss tradisjon for å bruka sendemann om ambassadørar.

Utanriksstasjonar som ivaretek eit lands interesser overfor ein mellomstatleg organisasjon, blir kalla delegasjon. Ordet heng saman med verbet delegera, som kjem frå latin delegare ‘senda ut, utnemna’. Noreg har faste delegasjonar til m.a. FN, Nato og EU. Leiaren for ein delegasjon har òg tittelen ambassadør.

 

Publisert 16. juni 2017

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter