Vott og vante

Vottar og vantar er nødvendige klesplagg på våre breiddegrader. Kva er opphavet til desse nemningane?

bilde

Ein vott er som kjent eit handplagg, oftast med eitt rom for tommelen og eitt for dei andre fingrane. Slike vottar blir òg kalla bladvottar, heilvottar, belgvottar og lovottar. Ordet lovott er eigentleg ei kortform av lovevottloven (ein love) er handflata.

Ein fingervott er ein vott med eit rom for kvar finger. Vante er eit anna ord for slike handplagg. Den norrøne forma for vott var vǫttr (med bokstaven «o med kvist»). Ordet vante kom inn seinare i norsk, og svensk og dansk har vante, ikkje vott. Ein (blad)vott heiter på svensk tumvante, på dansk bælgvante. På nederlandsk heiter han want.

I norsk har vi dermed fått ein todelt situasjon der vott er det tradisjonelle ordet i dialektane, mens vante har komme inn som namn på ein spesiell type, under innverknad frå dansk. Norsk Riksmålsordbok reknar det som forelda å bruke vante om vott generelt.

Det finst mange variantar av desse plagga. Pulsvarmarar, òg kalla pulsvottar og pulsvantar, dekkjer handledda. Halvvottar er det same, eller dei kan vere strikka med heilt korte, opne fingrar.

Både vott og vante heng etymologisk saman med verbet vinde, dvs. 'vikle, tvinne', og då om ullgarn, ulltråd. Vi må rekne med at desse klesplagga har fått namn etter måten dei er laga på. Eit vant, som m.a. er eit sjøuttrykk for tau som stør masta, heng òg saman med verbet vinde.

Handplagg av andre materiale som skinn og gummi har vi fått eit eige ord for, hanske. Dei har oftast eit rom for kvar finger – men det gjeld ikkje boksehanskar. Hanske kom inn i norrønt språk frå lågtysk, og det tyder eigentleg 'handsko'.

At vottar helst er laga av eit mjukt materiale, er nok grunnen til at ein vott òg kan brukast om eit menneske som er usjølvstendig, viljelaust – som ein dott.



Publisert 24. februar 2012

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter