Vinter

No image

Den kalde årstida varer i det minste dei tre månadene desember, januar og februar under våre himmelstrøk. Dersom noko tek både vinter og vår, varer det svært lenge, synest vi.

Vinter er eit arveord. I norrønt var forma vetr, som vi har att i nynorsk vetter og ulike dialektformer og i færøysk og islandsk vetur. Elles er forma vinter, berre med w i andre germanske språk som tysk, engelsk og nederlandsk.

Vinterbrauta er eit gammalt ord for Mjølkevegen, som vår sol høyrer til. Andre nemningar er vintergata og stjernebrauta. Men kvar går vintervegen? Å vise nokon vintervegen vil seie å avvise eller jage bort vedkommande. Fleire av uttrykksmåtane som knyter seg til vinter, seier sitt om barske tilhøve vinterstid.

Eit spesielt uttrykk er ho/han har vore ute ei vinternatt før – eller ein vinterdag, dei to variantane er om lag like vanlege. Meininga er at personen det er snakk om, har prøvd litt av kvart, har vore utsett for påkjenningar eller liknande – og gjerne har klart seg gjennom dei. I Norske Ordsprog av Ivar Aasen står det: «Han heve voret ute ei Vetternatt fyre». Aasen har uttrykket frå Trøndelag, og trønderske forfattarar som Kristofer Uppdal og Johan Bojer har brukt uttrykket, som no er vorte allment kjent.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:27.01.2012 | Oppdatert:04.08.2021