Vindmølle

Vindmølle, vindkraftverk eller turbin?

Kraftproduksjon er eit viktig emne både no i valkamptider og elles. Dei siste åra har vi òg begynt å ta i bruk vindkraft – frå anlegg vi kallar vindkraftverk eller vindmøller. Den første av desse nemningane synest alle å kunna godta, mens den andre kanskje er den vi ser og høyrer mest i media. Somme er likevel ikkje nøgde med den siste og spør Språkrådet om det kan vera rett å bruka dette ordet. Det er vel ikkje tale om den gamle typen vindmøller, som var skikkelege møller? Bør vi ikkje kalla dei for turbinar, slik dei gjer på engelsk?

Vi kan skjøna innvendinga  mot ordet vindmølle bruka i tydinga ’vindkraftverk’, dersom vi til dømes tenkjer at mølle berre er ein plass der vi kan mala korn til mjøl. Om det var slik, ville det likevel ikkje vera eit uvanleg påfunn frå språket å utvida (eller andre gonger innskrenka) tydinga av eit ord. Vi kunne kanskje innvenda mot ordet bordbein at det eigentleg ikkje er bein. Så kunne vi klandra språket for i det heile å bruka ordet bein om ganglemene våre, i og med at det berre er delar av dei som er av dette materialet. Når vi likevel ikkje endrar på desse orda, er det både fordi dei er godt innarbeidde, og fordi slike språklege bilete og tydingsutvidingar rett og slett er ein sentral del av orddaninga.  
 
Dei hypotetiske vendingane ovanfor er bruka for å få fram at det ikkje treng vera noko problem at «vindmølle faktisk er ei mølle». Om vi ser på definisjonen av mølle i Nynorskordboka, ser vi at det står forklart som ’anlegg der ein knuser eller mel noko’, men vidare les vi at det alt er i bruk om ‘maskin som lagar om ei form for arbeid eller energi til ei anna form’. Det er altså ikkje nytt at møller kan brukast til meir enn kornmaling. Ei trømølle er eit døme på andre typar møller.

Om vi følgjer orda mala og det latinske turbare (utgangspunktet for turbo og turbin), vil vi finna at dei kan tyda høvesvis ’sviva rundt’ og ’kvervla’. Desse tydingane må vi seia ligg så nær kvarandre at det ikkje skulle vera noka stor vinning i å bruka namnet turbin i staden.

Jamvel om vi her ikkje ser nokon grunn til å kjempa  mot vindmøllene på ordnivået, vil vi overlata til andre å meina noko om og kor dei skal byggjast.

 

Publisert 26. august 2009

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter