Vårjamdøgn

Første søndag etter første fullmåne etter vårjamdøgn – kva er det?

Mange har lært at påska følgjer månefasane, slik at første påskedag alltid er første søndag etter første fullmåne etter vårjamdøgn. Vårjamdøgn er 20. eller 21. mars. Dette døgnet er dag og natt like lange – jamlange – over heile kloden. Det er då eit halvt år til haustjamdøgn.

Rundt jamdøgn, både vår og haust, plar det vere stor skilnad på flod og fjøre, og det kan vere ekstra stor flod, springflod, eller motsett stor fjøre. Langs kysten kan det vere storm, og mange stader snakkar dei om langfredagsfjøre, stor fjøre ved påsketider.

 

Publisert 22. mars 2013

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:22.03.2013 | Oppdatert:04.08.2021