Tunnel eller tunell?

No image

Dette ordet kan skrivast på to måtar, som begge er rette.

Tunnel var lenge den einaste offisielle skrivemåten, men frå 2005 vart tunell innført som jamstilt form ved sida av tunnel i rettskrivinga både for bokmål og nynorsk. Bakgrunnen for denne endringa var eit ønske om å få betre samsvar mellom skrivemåten og uttalen av ordet i norsk.

Skrivemåten tunnel med dobbel n høver godt når ein legg trykket på første stavinga i ordet, som i ord som ferdsel, sykkel og pensel. Men vi veit at det kanskje er vel så vanleg å uttale ordet med trykk på siste stavinga, og då høver det betre med skrivemåten tunell med dobbel l, etter mønster av ord som duell og parsell.  

Norsk har fått ordet tunnel frå engelsk, som har den same skrivemåten. Det har òg dansk, svensk, tysk, nederlandsk og fransk. Engelsk har ordet frå gammalfransk, og den opphavlege tydinga er der ‘lita tønne’. Tønne kjem i sin tur frå mellomalderlatin tunna ‘vinfat’.

Den lange vegtunnelen Gudvangatunnelen har fått namn etter bygda Gudvangen i Aurland kommune i Sogn. Når namnet Gudvangen blir forledd i ei samansetning, blir endinga -en borte, og i dette tilfellet blir det lagt til ein binde-a, fordi det samsvarer med dialektuttalen. Det er elles vanlegare med binde-s eller ingen bindelyd i stadnamn: Aurlandsdalen, Nærøyfjorden.

 

Publisert: 9. september 2013

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter