Tomat

Kva har tomat med gull, paradis og svelling å gjera?

På Finnøy var det nyleg tomatfestival, og vi nyttar høvet til å skriva noko om namnet på denne sunne bærfrukta. Ordet tomat er eit av fleire matord vi har fått frå nahuatl – språket til aztekarane, som framleis blir tala av om lag halvannan million i Mexico.

bilder

Da spanjolane kom til den nye verda, møtte dei ordet tomatl, som blei omgjort til tomate på spansk da delikatessa blei med tilbake over havet. På reisa nordover har ordet òg vori innom fransk, og det forklarer den kortare forma tomat.

Vi kan skildra tomaten som ei ’tjukk, oppsvollen bærfrukt’, og dette er nærast den opphavlege tydinga òg på nahuatl. Tomatl er ei avleiing av verbet tomaua, som tyder ’tjukna, svella’. Vi finn ord som liknar på tomat i mange språk, men i det sentrale Mexico er namnet jitomate på meksikansk spansk eller xitomatl på nahuatl. Ei mogleg forklaring av denne ji-/xi-delen er at han kjem av xictli, som tyder ’navle’. Det presiserande leddet kan da ha med søkket ved stilkfestet å gjera.

No kjenner vi best dei raude tomatane, men dei finst i fleire fargevariantar. Nokre av dei første som kom til Europa, var gule, og det forklarer at italienarane kalla dei for ’gulleple’ – pomodoro. Dette namnet finn vi att i det russiske помидоры (pomidory). Nokre andre slaviske språk lovprisar tomaten som ’paradisfrukt’, som tsjekkisk (rajče) og serbisk (парадајз, dvs. paradajz).

I norsk talemål kan tomat vera både hannkjønn og hokjønn, men i den offisielle rettskrivinga finn vi ordet berre som hannkjønn.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:31.08.2011 | Oppdatert:11.01.2023