Telerestriksjonar

Teleløysing og telehiv kan skape vanskar for vegtrafikken.

I vårt kalde klima har vi ofte tele i jorda vinteren gjennom. Tele vil i denne samanhengen seie at jordskorpa er gjennomfrosen, og telen kan gå djupt ned i bakken. Når det så blir mildare, tinar islaget gradvis. Då har vi teleløysing.

Eit kjent fenomen på vegane er at det blir humpar i vegbana om våren, gjerne kalla telehiv eller teleskot. For å hindre skade på blaute vårvegar innfører styresmaktene telerestriksjonar, det vil seie at det blir sett grenser for kor tunge køyretøy som får ferdast på visse vegar under teleløysinga.

I område som er så kalde at telen aldri går heilt ut or jorda, er det permafrost.

Substantivet tele fanst i norrønt, i forma þeli. På svensk heiter det tjäle og på dansk òg tele, men ordet er sjeldan der. Verbet tele har vi òg, som i «det har tela på». Desse orda har ikkje noko med Telemark å gjere og heller ikkje med det greskrøtte ordleddet tele-,  som vi har i telefon, telepati, teleslyngje og mange andre ord.

 

Publisert: 4. april 2014

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter